Lars Erik Reksten
Anita Øygard
Villsauebønder på øya Reksta i Kinn kommune, Vestland.
Vi – Lars Erik Reksten og Anita Øygard – bur på øya Reksta i Flora kommune, der vi driv med villsau i tillegg til anna arbeid. Lars Erik har vakse opp her og overtok familiegarden i 1982. Det har vore drive med mjølkeproduksjon, sauehald og ammekyr sidan den tid. Sidan 2005 har hovudproduksjonen vore villsau. Garden har vore driven økologisk sidan 1994.
For tida har vi rundt 250 vinterfôra sauer av typen villsau. Dvs. rundt 150 lammesauer + 100 lam som vi fôrar over eit ekstra år. Sauene og lamma beitar på lynghei og på innmark. Dyra går ute heile året, men vi har husdyrrom til alle, slik at dei kan komme i hus. Vi tilleggsfôrar dei med økologisk silofôr og høy – etter behov – gjennom vinteren.
Vi vidareforedlar noko av kjøtet frå sauene og lamma, og lagar spekepølse etter gammal oppskrift. Vi gjer alt arbeid sjølve, frå å lage pølsene til å selje dei. Sjå Rekstabloggen. Dyra blir slakta på Nortura sitt anlegg i Førde. Vi leiger fordlinganlegga på Mo- og Øyrane VGS og Norsk Hjortesenter på Svanøy – for å skjere ned kjøtet og lage pølser. Pølsene er utan tilsetjingsstoff, med 35 gram salt (utan nitrit) pr kg kjøt. Pølsene blir røykte i eige røykehus og hengt til tørk i ei sjøbu. Les meir på sida villsaupølser. Vi lagar og pinnekjøtt til jul og spekekjøt/fenalår i tillegg til rognebærgelé og økologisk ramslaukpuré. Sjå meir på PRODUKT-sida.
Dei finaste skinna får vi bereda hos Granberg Garveri. Heile skinn eller rumpevarmarar er fine gåver som vi sel via nettsida, på Bondens Marked, REKO-ringen Florø eller andre marknader. Les meir på sida villsauskinn.