Kortreist – økologisk lokalmat – utan tilsetjingsstoff

Vilt godt!

Reksta Villsau tilbyr kortreist lokalmat i form av økologiske spekepølser – heilt utan tilsettingsstoff – handlaga etter gammal metode og oppskrift. Pølsene inneheld berre kjøtt av villsau i tillegg til salt (utan nitrit). Både gardsdrifta og pølseproduksjonen er debiogodkjent. Reksta villsau tilbyr også dekorative skinn av villsau.