Reksta villsau • Lars Erik Reksten // Anita Øygard • Rekstavegen 481 • 6915 Rognaldsvåg
Orgnr. 969 311 771 • E: larserik@reksta.no • T: 97164386
Det er høgsesong for sanking og sortering
På denne tida går helgane mykje med til å samle dyra i hus, og sortere ut dei som skal slaktas. Nesten alle vêrlamma blir merka og sende til Nortura. Dei som vi ser er for små får ein ekstra sesong på Reksta. Slike fjordyr-vêrar er dei første vi slakter neste haust – for å unngå brunstsmak. Vi fôrer også over ein stor flokk med simpelam – der nokre blir avlsdyr året etter, mens dei aller fleste endar som fantastisk gode spekepølser. Vi brukar berre vaksne dyr – dvs. 1 år og eldre til produksjonskjøt (spekepølser og pinnekjøtt).
Når vi sender dyra til Nortura må dei merkast i øyra med plastmerker: