Rek i land på Reksta
Denne helga har Rek i land på Reksta gått av stabelen. Eit kjekt familiearrangement her på øya vår – med hovudaktivteten på laurdag. Vi har vore med og jobba dugnad både før, under og etter Rek i land.
Laurdagen hadde vi salsbod på kai i Rognaldsvåg, og selte både spekepølser, villsauskinn, rumpevarmarar og ramslaukpuré. Ein triveleg dag med mykje folk og aktivitetar for store og små, på sjø og land.