Nedskjering av 40 skrottar
Då har vi levert dei første dyra til slakting – og vi har kjøpt tilbake 40 dyr som skal bli til spekepølse. Vi brukte 2 dagar på å skjære ned skrottane, male dei opp til kjøttdeig, tilsette salt (40 gram salt utan nitrit pr kilo kjøt) og vakumpakke kjøtet. No har vi 360 kilo pølsedeig som skal bli til gode spekepølser framunder jul.