Reksta villsau • Lars Erik Reksten // Anita Øygard • Rekstavegen 481 • 6915 Rognaldsvåg
Orgnr. 969 311 771 • E: larserik@reksta.no • T: 97164386
No har vi henta heim alle fjorvêrane som har beita på holmar og skjer i Rekstafjorden og Skorpefjorden. Til saman har 27 fjorvêrar + nokre vaksne karar hatt sommaren sin på Kytringsholmen, Værholmen og 2 av dei små Hestøyane.
Her har dei vakse seg stor og fine, og vi har jamleg vor på besøk til dei – slik at dei er spake og forholdsvis lette å lokke med seg i båten. Desse fjorvêrane er utruleg tillittsfulle og stiller seg gjerne opp for å få kos – det vil seie å bli klødde i bringa
Vi trur at spekekjøtlåra, pinnekjøtet og spekepølsene kjem til å smake av salt sjø, tang og tare, urter og lyng