Reksta villsau • Lars Erik Reksten // Anita Øygard • Rekstavegen 481 • 6915 Rognaldsvåg
Orgnr. 969 311 771 • E: larserik@reksta.no • T: 97164386
I dag fylte vi bilen med nesten 250 kg ferdig fermentert kjøt av villsau og hjort, og tok rutebåtenkl. 6.05 – først til Florø og så vidare til naboøya Svanøy. Her leiger vi Norsk Hjortesenter sitt foredlingsanlegg.
Vi startar med å elte opp kjøtet, der vi blandar 75 % villsaukjøt med 25 % hjortekjøt – til saman blir det knallgode pølser 🙂 Etter ein del omgongar med pølseproduksjon har vi innarbeidd ei viss arbeidsfordeling. Lars Erik tar seg av elting og knyting, medan Anita tar seg av sjølve stappinga.
Denne dagen prøvde vi nye tarmar – med stort hell. Dei har bittelitt større diameter enn vi er vande med, og mykje lettare å oppnå idealvekta på 1 kilo. Etter at 240 pølser var pakka i tarm og anlegget nedvaska snudde vi nasa mot nord igjen. Vi var heime rundt kl 21.30 – og då var det berre å henge pølsene i røykekonteinaren og fyre opp.
Satsar på at spekeprosessen er ferdig til jul.