Bondens Marked – det kan vere farleg…
I dag har vi stått på Bondens Marked på torget i Florø. Vi stod i lag med Fjord Gardsmat, Sognefjord Sjokolade, Jevnlid Garden, Heimtun, Håjen Lefsebakeri og Kandal Kjøtt – ein triveleg gjeng som holdt ut i pøsande regn. Sjølv om vêret ikkje var det beste, så møtte Florøfolk opp i rykk og napp utover dagen. Vi er godt fornøgde med salet – vêret tatt i betraktning – og det såg ut som alle hadde eit rimeleg godt sal. Det var mykje godt å få med seg heim i dag – frå ekslusiv sjokolade til tradisjonell bakst og kjøtvarer.
Lars Erik delte ut smaksprøvar i aust og vest, og då han skulle skjære vekk litt pølseskinn var han uheldig og kutta seg skikkeleg i tommelen. Han gjekk for å kjøpe plaster, men enda på legevakta og kom igjen med 4 sting i tommelen. Eit udramatisk lite uhell, og moralen er som den alltid har vore;
ikkje snu kniven imot deg sjølv!