God solsnu og god jul
Vi har lagt bak oss ei travel tid med pakking og sal av spekepølser. Det har vore veldig kjekt! Bondens Butikk i Førde har vore ein god salskanal og førjulstida der folk treng nyttige gåver har vore nyttig for oss.
Det er utruleg kjekt og inspirerande å høyre at folk likar pølsene vi lagar og likar skinna frå sauene øg lamma våre. Det inspirerar oss til å gjere ein endå betre jobb 🙂
No ønskjer vi alle ein god solsnudag (vintersolkverv) og håpar at alle får ei triveleg jul med gode folk og god mat og drikke!
Julenissehelsing frå Lars Erik & Anita