Pølsene i røyken
Vi har redesigna ein konteiner, frå transport i oljebransjen til røykeomn for økologiske spekepølser av villsau. Det fungerar fint med eit lite bål på golvet. Her fyrer vi opp med spon av ulike lauvtre. I dag er kanskje pølsene klare for ein ny tilværelse. Etter at dei er ferdige i røyken blir dei flytta over til ei sjøbu i Rekstavågen, der dei skal henge for tørking og speking i frisk sjøluft.