Vêrsafari

Vi har flytta vêrane til beite på ei naboøy. Der har dei det fint no i vårvêret, og sauene våre som går lamtunge slepp å bli jaga rundt av lystige og barske vêrar.

Sjølv om sauene våre er av rasen villsau betyr det slettes ikkje at dei er så veldig ville av seg.  Vi ønskjer å ha dei spake, og det fiksar vi med litt kraftfôr i tillegg til mykje tilsyn og kos.

I dag har vi vore på besøk til vêrane som er på «feriekoloni» på Skorpeide. Vi hadde med oss litt godteri (økologisk kraftfôr) – og det var ikkje lenge før dei kom springane og ville smake. Litt kløing bak øyra seier dei heller ikkje nei takk til 🙂