Smaksprøving Bondens Butikk - Reksta villsau

Slowfood-dagen, med fart på pølsesalet

Villsau er slowfood - Reksta Villsau

Villsau er slowfood – Reksta Villsau

I dag er Terra Madre Day eller slowfood dagen – og dei fermenterte spekepølsene av villsau passar godt inn der. Lars Erik har stått på Bondens Butikk i Førde og delt ut smaksprøvar. Det har vore veldig populært og vi har hatt ein god omsetjing på pølsene.

Ei lita fin historie frå dagens smaksutdeling:

Ei dame kjem bort og tek i mot smaksprøve, men seier klart i frå at ho må tenke seg litt om. Ho puttar pølsebiten i munnen og tar ein liten piruett på golvet. – No har eg tenkt meg om – eg tar ei pølse! Det er kjekt å komme ut og møte kundane, og vi har fått mange trivelege tilbakemeldingar.