Pølser i røyken

Innviing av røykekonteiner

Vi har laga oss eit litt utradisjonelt røykehus. Dette ser ikkje ut som eit godt gammaldags stabbur eller bakstehus. Det er rett og slett ein utrangert konteiner, som tidlegare har frekventert Nordsjøen. No har den fått nytt liv som røykehus på Reksta. Truleg har den i sitt tidlegare liv gått ut og inn Rekstafjorden på forsyningsskip.

Konteineren har vi kledd med furupanel i tak og veggar, og vi har laga til eit godt system for oppheng av pølsestenger. På golvet har vi plassert ein halv varmtvasstank, som vi brukar som fyringspanne. Vi fyrer opp med tørr spon og rå seljekvistar. Så var det berre å henge opp pølsene og passe på luftfukta og temperaturen. Vi tømmer vatn på golvet for å halde oppe fuktigheita i lufta.