Pølsekurs hos Magnhild

Pølsekurs hos Magnhild

I oktober 2014 var vi (3 generasjonar) på pølsekurs heime hos Magnhild Dyrdal, for å lære meir om mjølkesyrebakteriar og pølseproduksjon etter gammal metode. Magnhild er kjent frå filmen «Folk ved fjorden», og er levande opptatt av å vidareformidle kunnskapen sin.

Magnhild har vokse opp med å lage pøls ved hjelp av mjølkesyrebakteriar, og ønskjer at denne metoden og kunnskapen skal leve vidare. Det var ei stor oppleving å få lære dette direkte frå ho. Magnhild hadde kjøt av sau og geit ferdig modna i stampar med matpapir over. Vi elta opp kjøtet, stappa i tarm og hang til slutt pølsene opp i røykerommet.

Inn i mellom dette arbeidet fortalde og forklarte Magnhild oss om prosessen, og gav oss mabge gode praktiske tips. Det er ikkje berre vi som skal lære dette. Det kom stadig inn telefonar frå folk som anten ville kjøpe pølse, eller ville pølsemakarkunsten – og Magnhild tok seg tid til å forklare alle.