Kven er vi – og kva driv vi med?

Vi – Lars Erik Reksten og Anita Øygard – bur på øya Reksta i Flora kommune, der vi driv med villsau i tillegg til anna arbeid. Lars Erik har vakse opp her og overtok familiegarden i 1982. Det har vore drive med mjølkeproduksjon, sauehald og ammekyr sidan den tid. Sidan 2005 har hovudproduksjonen vore villsau. Garden har vore driven økologisk sidan 1994.

For tida har vi rundt 200 vinterfôra sauer av typen villsau. Sauene og lamma beitar på lynghei og på innmark. Dyra går ute heile året, men vi har husdyrrom til alle, slik at dei kan komme i hus. Vi tilleggsfôrar dei med økologisk silofôr og høy – etter behov – gjennom vinteren.

Vi vidareforedlar noko av kjøtet frå sauene og lamma, og lagar spekepølse etter gammal oppskrift. Dyra blir slakta på Nortura sitt anlegg i Førde. Vi leiger fordlinganlegga på Mo- og Øyrane VGS og Norsk Hjortesenter på Svanøy – for å skjere ned kjøtet og lage pølser. Pølsene er utan tilsetjingsstoff, med 35 gram salt (utan nitrit) pr kg kjøt. Pølsene blir røykte i eige røykehus og hengt til tørk i ei sjøbu. Les meir på sida villsaupølser.

Dei finaste skinna får vi bereda hos Granberg Garveri. Heile skinn eller rumpevarmarar er fine gåver som vi sel via nettsida eller på Bondens Marked. Les meir på sida villsauskinn.

Gjensynsglede på toppen