Villsauene pleier kystlandskapet

-og gir kortreist lokalmat og fargerike saueskinn

Garden vår ligg på øya Reksta, der den typiske fiskarbonden dreiv i tidlegare tider – med kombinasjon jordbruk og fiske. Lars Erik overtok familiegarden i 1982, og vi har drive med både mjølkekyr og ammekyr i kombinasjon med sauer. Frå 2005 har produksjonen vore villsau. Vi har drive økologisk sidan 1994. Både gardsdrifta og pølseproduksjonen er Debiogodkjent.

Villsauene går ute heile året, og beitar på lyng og innmark. For tida har vi 180 vinterfôra sauer. Dyra går ute heile året, men vi har husdyrrom til alle, slik at dei kan komme i hus. Vi tilleggsfôrar dei med økologisk silofôr og høy – etter behov – gjennom vinteren.

Vi vidareforedlar noko av kjøtet frå sauene og lamma, og lagar spekepølse etter gammal oppskrift. Dyra blir slakta på Nortura sitt anlegg i Førde. Vi leiger fordlinganlegget på Mo- og Øyrane VGS for å skjere ned kjøtet og lage pølser. Pølsene er utan tilsetjingsstoff, med 35 gram salt (utan nitrit) pr kg kjøt. Pølsene blir røykte i eige røykehus og hengt til tørk i ei sjøbu. Les meir på sida villsaupølser.

Villsauskinna har eit vidt spekter av fargar og er svært dekorative. Vi får dei finaste skinna bereda, og dei er populære gåver.