Spekepølser pakka til jul

Første pølsene klare for sal

Dei første spekepølsene vi har laga for sal har vi hatt hengande til tørking og speking på ei sjøbu på Rekstavågen, sidan dei kom ut av røyken.

Pølsene har hengt på stenger opp under taket og eit trebrett, med flogenett rundt, for å hindre fuglar og småkryp å komme til. På bualoftet er det mørkt og bra luftig, på same tid som luftfuktigheita er forholdsvis høg her ved sjøen. Tidlegare har vi brukt denne plassen til å tørke sild – så her er det tradisjon for god kystmat og -kultur.

Lars Erik har sine daglege turar nede på bua for å sjå til og «snakke» med pølsene. Vi har erfart at dei pølsene som heng ytst i rommet blir fortare ferdige, det vil sei at dei får ein forholdsvis fast konsistens.

Vi har pakka dei første pølsene for sal til jul, men har anbefalt mottakarane å la dei henge litt lenger til speking. Det kan vere godt å ha spekepølsene å gle seg til etter all julematen 🙂