Bondens Marked – det kan vere farleg…

I dag har vi stått på Bondens Marked på torget i Florø. Vi  stod i lag med Fjord Gardsmat, Sognefjord Sjokolade, Jevnlid Garden, Heimtun, Håjen Lefsebakeri og Kandal Kjøtt – ein triveleg gjeng som holdt ut i pøsande regn. Sjølv om vêret ikkje var det beste, så møtte Florøfolk opp i rykk og napp utover dagen. Vi er godt fornøgde med salet – vêret tatt i betraktning – og det såg ut som alle hadde eit rimeleg godt sal. Det var mykje godt å få med seg heim i dag – frå ekslusiv sjokolade til tradisjonell bakst og kjøtvarer.

Lars Erik delte ut smaksprøvar i aust og vest, og då han skulle skjære vekk litt pølseskinn var han uheldig og kutta seg skikkeleg i tommelen. Han gjekk for å kjøpe plaster, men enda på legevakta og kom igjen med 4 sting i tommelen. Eit udramatisk lite uhell, og moralen er som den alltid har vore;

ikkje snu kniven imot deg sjølv!

Feilmerka pølse

Vi legg oss langflate

Vi har dessverre oppdaga at vi har feilmerka eit bittelite parti med pølser. Den 14. november pakka vi siste delen av nokre pølser og måtte skrive ut eit ekstra ark med etikettar. Då har vi rett og slett blingsa – og det står best før 1.7.2016. Det rette skal sjølvsagt vere 2017!

15 av desse pølsene vart selde på julemessa i Florø. Vi beklagar glippen og lovar at pølsene ikkje er gått ut på dato. Har du kjøpt ei slik pølse kan du sjølvsagt få bytte den eller få ein rett klisterlapp å lime på.

Pølsekurs og julemesse

Denne laurdagen har gått med til både pølsekurs og julemesse i Florø. For å rekke over begge deler mått vi rett og slett dele oss. Lars Erik reiste på pølsekurs med Magnhild Dyrdal og Norsk Hjortesenter. Anita stilte på julemessa til Flora Husflidslag på Samfunnshuset.

På julemessa gjekk salet av pølser strålande. Det er kjekt å få så mykje positiv tilbakemelding på smaksprøvane, og i år blir det nok ein del Rekstapølser under juletrea i Florø. Vi selde og litt villsauskinn og rekvedkassar. Folk blir meir og meir opptekne av ekte varer. For oss var det første gongen på Flora Husflidslag si julemesse – og vi kjem gjerne tilbake 🙂

Sjølv om vi har gått på kurs med Magnhild Dyrdal tidlegare er det aldri feil å få påfyll med kunnskap – og kanskje lære nokre nye triks. Det var kjekt og inspirerande å møte Magnhild igjen.

Bla deg gjennom bilda:

Nye pølser hos naboen

Denne laurdagen har vi vore på besøk på naboya Svanøy, for å lage pølser. Vi pakka med oss 100 kilo fermentert saue- og hjortekjøt, og tok båten sørover i 3 kvarter. Etter 7 timar med elting og stapping returnerte vi med like mange pølser, laga av 75 % villsaukjøt og 25 % hjortekjøt, berre tilsett 35 gram salt pr. kg kjøt.

Tidlegare har vi laga alle pølsene på Mo og Øyrane VGS sitt foredlingsanlegg på jordbruksskulen. I dag fekk vi testa ut anlegget til Norsk Hjortesenter på Svanøya. Det fungerte svært godt til vårt bruk, og så ligg det jo geografisk nærare – men logostikken var litt tungvint denne gonegen. Vi lasta det vakuumpakka kjøtet først opp i traktorskuffa, køyrde det ned til kaia, og bar det om bord i båten vår. Vel framme på Kvalstad lasta vi det frå båt til bil og så i hus – og så same prosedyre med ferdige pølser heim igjen.

Vi kjem gjerne igjen til Norsk Hjortesenter for å produsere pølser, men då blir det med bil og rutebåt – slik at vi får med oss kjøt og pølser i bilen frå dør til dør. Det var forresten ein nydeleg haustdag i dag, med sol frå blå klar himmel. Vi fekk ikkje nyte det så lenge vi stod inne i produksjonen, men båtturen begge vegar var nydeleg!

Marknad under regn, sol og opera

Vi har lagt bak oss ein travel periode med kjekke marknadsdagar, i både pøsande regn og steikande sol.

13. og 14. august gjekk Eikefjorddagane

av stabelen i øs pøs plaskeregn. Heodigvis var vi plassert i eit stort telt, slik at både vi og kundane var under tak. Til tross for ufyseleg vêr hadde vi bra besøk, og folk var i kjøpemodus.


20. august var det Godt i Gapet

i Florø – og Bondens Marked strekte seg utover Strandgata. Vêret var brukandes, bra med folk og god stemning i gata. Vi stilte med både pølser, villsauskinn og rekvedkassar. Mange smakte på pølsene våre, og salet gjekk bra.


Søndag 21. gjekk turen til «Mimi goes glamping»

på Åmot Operagard. Det vart ein strålande dag – med steikande sol, mykje folk, god stemning og musikk over alt. Vi selte bra med både pølser og rekvedkassar. Ein topp dag på alle måtar!

Rek i land på Reksta

Pølser er festival- og sommarmat

Denne sommaren har pølsesalet gått unna for vår del. Tidleg i vår var vi på to Bondens Marked – utan at det gjorde det heilt store innhogget i pølselageret. Det var vår debut på BM og vi er godt fornøgde.

Etter det har vi levert pølser til Minibakeriet på Eid, Jøstraholmen på Vassenden og ikkje minst til den lokale kjøpmannen heime på Reksta – Rognaldsvåg Landhandel. Salet har gått bra – og spesielt på nærbutikken vår, som har mange ferierande på besøk i sommarhalvåret. Under «festivalen» Rek i land på Reksta første helga i august hadde vi spesielt godt sal. Her var det ca 300 menneske innom, og det gjekk godt unna med Rekstapølser.

No er vi spente på korleis salet blir på Eikefjorddagane i Eikefjord og på festivalen Mimi Goes glamping på Åmot Operagard dei komande to helgane. Spennande tider 🙂

 

Gjensynsglede på toppen

Nyttefriluftsliv

Søndagsturen gjekk til Skorpa og Blåkollen (393 moh.) i dag – i lag med kjekke ungdommar. Vi hadde med oss god mat til både folk og dyr. Flokken vår med fjorårets simpelam er på vinterbeite på naboøya Skorpa, og dagens tur var ein fin kombinasjon av fjelltur og beitetilsyn – såkalla nyttefriluftsliv.

Vi fann flokken vår heilt på toppen ved varden. Det vart eit gledeleg møte der vi kosa oss med kaffi og sjokolade, og dei unge sauefrøknene fekk smake medbrakt økologisk kraftfôr. Ein flott tur over lyng, eine og konglomoratfjell – i litt grått vêr med strålande utsikt 360 grader.

 

Fermentert hjorte- og sauekjøtt

200 pølser i tarm

I dag har vi stått på frå morgon til kveld og laga i overkant av 200 pølser av ferdig fermentert kjøtt. Dagens produksjon inneheld 75 % økologisk villsaukjøtt og 25 % hjortekjøtt. Dette er ein spennande kombo, som både vi og kundane våre har store forventingar til. Vi elta opp kjøtet med hakke denne gongen. Det letta arbeidet og fungerte godt.

Det vart ein lang og travel arbeidsdag, så no ser vi fram til påskeferie heime med barn og barnebarn 🙂

Fermentert villsaukjøtt

100 pølser og kverning av hjortekjøtt

Denne laurdagen har gått med til pølsestapping og kverning av hjortekjøtt til neste produksjon. Villsaukjøtet som har lege til fermentering i vekesvis vart til rundt 100 pølser, som vi frakta med oss heim for røyking, tørking og speking. Det er ein lang prosess frå nedskjæring til ferdige pølser.

Denne gongen har vi kjøpt inn hjortekjøtt frå Norsk Hjortesenter på Svanøy. Som ein del av dagens pølsearbeid har vi kverna opp 50 kg hjort, tilsett salt og vakumpakka det. Om nokre veker skal det blandast med villsaukjøtt i ein ny pølseproduksjon.

Kverning Reksta villsaukjøt

17. mai-pølsene undervegs

I dag har Lars Erik og Frank vore i full jobb på foredlingsanlegget til Mo og Øyrane VGS. Dei har skore ned over 150 kg økologisk villsaukjøt, som vi har kjøpt på ei naboøy. Etter at kjøtet er skore frå beina er det opp i den store kjøtkverna, og så går det vidare til kjøtkakka der saltet blit blanda inn. Det einaste vi tilset villsaukjøtet er salt utan nitrit. Tidlegare har vi brukt 40 gram salt pr kilo kjøt. Denne gongen har vi gått ned til 35 gram salt.

Etter at alt dette er gjort blir kjøtet vakuumpakka i store posar, med rundt 8 kg kjøt inklusiv salt. Kjøtet er klart for fermentering, dvs. modning med mjølkesyrebakteriar. Etter 4-5 veker er kjøtet klart for pølsetarm og vidare produksjon.