Oppføringer av anita

Sauer, snø og ungar

Det er ikkje så ofte at vi har både is og snø, som varer lenger enn tre dagar. Når vi fyrst får det er det ei fryd for alle. Vi har ungar og barnebarn på besøk – og har kosa oss saman på sjø og land. Laga snømann, aka, grilla og gott ein ekstra godbit […]

God solsnu og god jul

Vi har lagt bak oss ei travel tid med pakking og sal av spekepølser. Det har vore veldig kjekt! Bondens Butikk i Førde har vore ein god salskanal og førjulstida der folk treng nyttige gåver har vore nyttig for oss. Det er utruleg kjekt og inspirerande å høyre at folk likar pølsene vi lagar og […]

Slowfood-dagen, med fart på pølsesalet

I dag er Terra Madre Day eller slowfood dagen – og dei fermenterte spekepølsene av villsau passar godt inn der. Lars Erik har stått på Bondens Butikk i Førde og delt ut smaksprøvar. Det har vore veldig populært og vi har hatt ein god omsetjing på pølsene. Ei lita fin historie frå dagens smaksutdeling: Ei […]

Pølsene i røyken

Vi har redesigna ein konteiner, frå transport i oljebransjen til røykeomn av økologiske spekepølser av villsau. Det fungerar fint med eit lite bål på golvet. Her fyrer vi opp med spon av ulike lauvtre. I dag er kanskje pølsene klare for ein ny tilværelse. Etter at dei er ferdige i røyken blir dei flytta over […]

Sesongens første pølser i tarm

I dag har vi stappa sesongens første pølser. Den salta kjøtdeiga har lege i vakumposar og melkesyrebakteriane har gjort fermenteringsjobben i 4-5 veker. Den hardaste jobben er å kna opp kjøtet. Lars Erik er sterk i klypa så det er hans jobb 🙂 Anita tar seg av sjølve stappinga i tarmen. Det er alltid spennande […]

Nedskjering av 40 skrottar

Då har vi levert dei første dyra til slakting – og vi har kjøpt tilbake 40 dyr som skal bli til spekepølse. Vi brukte 2 dagar på å skjære ned skrottane, male dei opp til kjøttdeig, tilsette salt (40 gram salt utan nitrit pr kilo kjøt) og vakumpakke kjøtet. No har vi 360 kilo pølsedeig […]

Flotte villsauskinn

No har vi fått ein haug med flotte, mjuke og deilige villsauskinn frå garveriet. Då vi sende lam og sauer til slakteriet i haust prøvde vi plukke ut dei flottaste skinna til garving, og vi er godt fornøgde med resultatet. Her er det innslag av kvitt, grått, brunt og svart – ja noko for ein […]

Pølsestapping

No har den vakuumpakka kjøttdeiga lege til modning i ein månad, og mjelkesyrebakteriane har jobba iherdig. I dag var det tid for å forme kjøtet om til pølser. Dette er skikkeleg handarbeid! Først må kjøtet knaast godt opp, slik at det blir smidig å jobbe med. Magnhild Dyrdal har tipsa oss om at kjøtet burde […]

Vêrsafari

Vi har flytta vêrane til beite på ei naboøy. Der har dei det fint no i vårvêret, og sauene våre som går lamtunge slepp å bli jaga rundt av lystige og barske vêrar. Sjølv om sauene våre er av rasen villsau betyr det slettes ikkje at dei er så veldig ville av seg.  Vi ønskjer […]

Nye pølser undervegs

Etterspørselen etter dei økologiske spekepølsene har vore overveldande. Så overveldande at vi har sett i gong med ein ny produksjon. Vi har ikkje fleire sauer å slakte på denne tida av året, så vi tok ei telefonrunde for å høyre om nokon hadde økologisk villsaukjøt til sals. Vi fekk napp på ei naboøy – Færøya […]